Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 29.08.2021

Debut i lagseriefinale.

For første gong var Mandal med i NSG sin lagseriefinale.

Her er laget som representerte Mandal i NSG sin lagseriefinale: Frå venstre Kjartan Lavik, Svein Arne Bårdsen, Turid Røksland og Einar Tranheim Skarpaas. (foto k lavik)

Mandal sitt lag i pulje B vann den lokale lagserien i regi av Norsk Seniorgolf og var dermed kvalifisert for lagseriefinalen på Vestfold GK i Tønsberg i helga. Under leiing av kaptein Turid Røksland, tok laget to sigrar i den innleiande gruppa med fire lag. Forutan Turid, bestod laget av Einar Tranheim Skarpaas, Svein Arne Bårdsen og Kjartan Lavik. Diverre var "målskilnaden" litt for dårleg og Mandal måtte sjå Kongsberg - også dei med to sigrar - ta semifinaleplassen i vår gruppe. 

Søndag var det individuelt netto slagspel for "lucky losers" - dei laga som ikkje kom til finalespelet. Av tolv lag i pulje B, blei Mandal nr. 8. 

I alt 160 spelarar var med i eit imponerande arrangement, heldigvis i strålande ver og på ein fin-fin bane. Debuten gir meirsmak og neste år satsar vi på å vinne fleire lokale puljer og stille endå sterkare i finalen!

 290