Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 27.06.2021

Dei vann tre av fire

Turid Røksland og Knut Kvaal Pedersen imponerte med tre klassesigrar kvar i den fire dagar lange Sørlandstour.

 Knut Kvaal Pedersen og Turid Røksland var knallsterke gjennom den fire dagar lange Sørlandstour med klassesigrar tre av fire dagar. (fote k lavik)

Den største prestasjonen av mandalspelarane stod Knut for på Bjaavann søndag då han gjekk banen på 74 slag, to over banens par. Det tilsvarer 44 Stableford-poeng, rett og slett knallsterkt! Knut vann også sin klasse laurdag i Arendal og fredag på Kristiansand. På opningsdagen på Norsk Seniorgolf sin Sørlandstour, på vår bane torsdag, blei den innflytta rogalendingen nr. 4. 

Også Turid er i knallform med klassesiger på Bjaavann, Kristiansand og Mandal. I Arendal blei Turid nr 4. Her tok Ivar Gulli ein fin tredjeplass. 

Klassesiger blei det også til Britt Andersen på Kristiansand. Her blei Tutti Ericson 5 og Paula O. Pedersen nr 6. Desse tre tok dei tre første plassane i sin klasse i Mandal med Tutti først, så Paula og Britt. 

Referenten (Kjartan Lavik) hadde ei kurve som peika nedover med klassesiger i Mandal, så 2. plass, 4. plass og 7. plass. 

Sørlandstour premierer også dei beste netto og brutto. Her var ikkje resultata ferdige søndag. Sjekk heimesida til Norsk Seniorgolf - seniorgolf.no. 

Resultatliste Arendal

Laurdag kl. 10 er det kvalifiseringsturnering for NSG sitt NM-lag. Turneringa er open for alle NSG-medlemer, også dei som ikkje har tenkt seg til Kongsberg 14. og 15. august. Påmelding i Golfbox.

 1778