Dugnad 1. februar: Nytt 48-utslag på hol 4
Det skjer store ting på hol 4! Laurdag blir det dugnad kl. 10 til 14 på nytt 48-utslag.
Som mange har sett, er det laga ny veg på hol 4 og gjort
klart for nytt utslag 40 (raudt) på oversida av brua. Maskinarbeidet med vegen,
unnateke grusing, var gjort tysdag. Same dag dukka det opp ein ide om å heve
48-utslaget ca 1,6 meter i flukt med vegen. Formann Rune Svennevik, og Raymond
Tørressen, som er prosjektleier for nye hol 4, tente på tanken. I løpet av
onsdag kveld blei resten av styret kontakta og ei tilleggsløyving blei
godkjent. Dagen etter stilte Karsten og Einar Skårdal, Terje Gabrielsen og
Kjartan Lavik til hasteinnkalt dugndad for å skrelle av, rulle opp og frakte
bort torva på utslaget.
Oppgåva på dugnaden laurdag 1. februar frå kl. 10 til 14 er å legge eit toppdekke av sand og så rulle ut det gamle torva på det nye, heva utslaget.
Vi vonar mange kan kome på dugnaden. Om du må kome etter 10
eller gå før 14, så er jo det greit. Det er tungt arbeid med torva, og alle
hender som kan ta eit tak er velkomne! Ta med kaffe og noko å bite i.
Det er Rune Svennevik som er dugnadsleiar denne laurdagen.
- Kjartan