Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 04.07.2015

Norsk Senior Golf arrangerte turnering i Mandal.

Ny dame-rekord? Ja, det var det truleg då Mandal GK arrangerte seniortour laurdag.

Alle damene samlet (foto Kjartan Lavik)
Alle damene samlet (foto Kjartan Lavik)
Alle damene samlet (foto Kjartan Lavik)

I alt 37 spelarar stilte til start. Av dei var 16 damer. Det gir ein kvinneprosent på 46, noko som truleg er norsk rekord i seniorsamanheng. Sjekka med Norsk Seniorgolf før helga, og dei hadde aldri høyrt om nokon seniorturnering med nær halvparten damer!

Beste spelar var Eivind M. Knutsen, Bjaavann, som vann klasse 2 og turneringa med 78 slag. Klasse 1 blei vunnen av Oddleif Olsen, Bjaavann, med 84 slag, klasse 3 Inger H. Knutsen, Bjaavann med 79 slag, klasse 4 Jan Roald Ruud, Mandal med netto + 1 og sist, men ikkje minst tok Brit R. Andersen seg av klasse 5 med - 3, dvs at ho gjekk tre slag betre enn sitt handicap. Sterkt!

Steinar Vatnedal losa turneringa i hamn på ein fin måte, banen var i ypparleg stand. Alt i alt ein hyggeleg dag på golfbanen!


Fullstendig resultatliste

 

Kjartan.

 1344