Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 18.09.2022

Mandal 1 rykker opp.

Etter alle solemerke blir det spel i 2. divisjon for Mandal 1 neste år. Damelaget endte på 2. plass.

Dei tre Mandals-laga i samla tropp. Draktene våre gjorde inntrykk på dei andre spelarane og vil ikkje bli gløymt med det første! (foto k lavik)
Dei tre Mandals-laga i samla tropp. Draktene våre gjorde inntrykk på dei andre spelarane og vil ikkje bli gløymt med det første! (foto k lavik)
Damelaget er strålande nøgde med 2. plassen. Her ser vi Turid Røksland, Elisabeth Thomassen, Paula O. Pedersen og Britt Andersen. (foto k lavik)
Damelaget er strålande nøgde med 2. plassen. Her ser vi Turid Røksland, Elisabeth Thomassen, Paula O. Pedersen og Britt Andersen. (foto k lavik)
Damelaget viser den store klubblogoen på ryggen. (foto k lavik)
Damelaget viser den store klubblogoen på ryggen. (foto k lavik)
Gutta boys! Desse staute karane blir etter alt å døme å sjå i 2. divisjon neste år.  (foto k lavik)
Gutta boys! Desse staute karane blir etter alt å døme å sjå i 2. divisjon neste år. (foto k lavik)
Dei tre Mandals-laga i samla tropp. Draktene våre gjorde inntrykk på dei andre spelarane og vil ikkje bli gløymt med det første! (foto k lavik) Damelaget er strålande nøgde med 2. plassen. Her ser vi Turid Røksland, Elisabeth Thomassen, Paula O. Pedersen og Britt Andersen. (foto k lavik) Damelaget viser den store klubblogoen på ryggen. (foto k lavik) Gutta boys! Desse staute karane blir etter alt å døme å sjå i 2. divisjon neste år.  (foto k lavik)

Søndag blei Norsk Seniorgolf sitt lagmeisterskapet, 3. divisjon, avslutta på Bjaavann med singelrunde. Mandal 1 spelte seg opp til delt 1. plass med Sandefjord. Begge laga gjekk på 403 slag når fourball laurdag og dei tre beste resultata i singelspelet blir summert. Sandefjord blei dømt først fordi dei var hakket betre enn våre heltar i singel. 

Men: Sandefjord har allereie eit lag i 2. divisjon og får berre ha eitt. Difor tyder alt på at det blir Mandal 1 som får prøve seg med spel eit hakk opp neste år. Vel blåst Knut Kvaal Pedersen, Arnt Terje Udøy, Steinar Hemsett og Rune Svennevik!

Damelaget måtte diverre gje frå seg leiinga frå første dag. The lovely ladies klokka inn på 466 slag, to fleire enn vinnaren Tjøme. 

Mandal 2 avanserte ein plass til 11. av dei 18 herrelaga som var med. 

Mandalsgjengen markerte seg elles blant Norsk Seniorgolf-spelarane med like t-skjorter begge dagar. Søndag skapte vi påskestemning over heile banen med knallgule drakter. Laurdag spelte vi i svarte t-skjorter alle - med stor Mandal Golfklubb-logo på ryggen!


Resultatliste herrer

Resultatliste damer


 791