Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 11.09.2022

Norsk Senior Golf

Paula landsdelsmeister.

Paula med plakett og premiesjekker (foto k lavik)
Paula med plakett og premiesjekker (foto k lavik)
Fra premieutdelingen i Arendal  (foto k lavik)
Fra premieutdelingen i Arendal (foto k lavik)
Paula med plakett og premiesjekker (foto k lavik) Fra premieutdelingen i Arendal  (foto k lavik)

Paula O. Pedersen blei beste spelar netto då Norsk Seniorgolf arrangerte landsdelsfinale søndag. Paula gjekk banen i Arendal på 86 slag, som er tre betre enn hennar eige handicap. Dermed var nettosigeren, plakett og premiesjekken på 1500 kroner i boks for vår dyktige seniorspelar. 

Landsdelsfinalen omfattar NSG-spelarar frå Agder, Telemark og Vestfold. Klassevinnarane kvalifiserer seg til landsfinale. Diverre gjeld det ikkje brutto- og nettovinnarane. 

Men Paula var svært nær å vinne klasse 3. Hadde berre parputten på hol 18 gått i, ville Paula kome øvst på pallen. Nå blei det like mange slag som vinnaren, men litt dårlegare siste ni. 

Kjartan Lavik fekk 2. plass i klasse 7 (nettoklasse for spelarar over 65 år.) Ivar Gulli deltok også, diverre utan å vere nær teten denne gongen.

Resultatliste

 797