Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 07.03.2023

Norsk Seniorgolf.

Hei gode seniorar!

Arkivbilde fra 2022. (foto k lavik)
Arkivbilde fra 2022. (foto k lavik)
Arkivbilde fra 2022. (foto k lavik)

Det går raskt mot ny sesong og eg vil orientere litt om medlemskap i Norsk Seniorgolf (NSG). Det er 3270 medlemer i NSG ved årsskiftet, av dei 810 damer. Det blir arrangert  imponerande mange turneringar rundt om som for dei beste kan kvalifisere til landskampar og europameisterskap. Fleire frå vår klubb har faktisk vore tekne ut til landskampar. 


Her lokalt er det lagserien som har fenga mest. Der møter vi lag frå Arendal, Bjaavann og Kristiansand til spanande matchar på heime- og bortebane. Dette er gøy og ikkje minst sosialt. Vi stilte i fjor med tre lag og vonar å få til det same i år. Kva handicap du har spelar ingen rolle, det er moro uansett. 


Det blir også arrangert turneringar lokalt. Mandal skal ha NSG-turnering laurdag 6. mai. Her tenker vi å invitere også seniorar som ikkje er medlemer i NSG til å bli med. Mandal skal også vere ein av fire Agderklubbar som inngår i Sørlandstour 22. til 25. juni. 


Vi ønsker sjølvsagt at det skal vere mange spelarar frå Mandal med i NSG. Det følger ein del fordelar ved å vere medlem. Dei kan du sjekke på seniorgolf.no. Der finn du også innmeldingsskjema. Medlemskap kostar 835 kroner i året. 


Har du spørsmål, kontakt meg gjerne på 91 32 97 90 eller epost.  Fint om du også gir meg melding dersom du melder deg inn så kan eg ordne med lag om du er interessert i lagserien. 


Vonar vi ser deg som medlem i NSG! Til dei som er medlemer: lukke til med ny sesong!


Helsing Kjartan Lavik

 606