Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 03.07.2021

Vinnarane i NM-uttak for seniorar

Turid Røksland og Arnt Terje Udøy var dei klart beste i uttaksturneringa til NM-lag, senior.

Arnt Terje Udøy og Turid Røksland spelte strålande i uttaket til NSG sin lagmeisterskap. (foto k lavik)

Elleve spelarar stilte til start då det skulle avgjerast kven som skal til Kongsberg midt i august for å spele Norsk Seniorgolf sitt lagmeisterskap, 3. divisjon. Turid og Arnt Terje imponerte med 81 og 75 slag. I det lett fuktige veret var sanden på greenane ei lita utfordring. Elles var banen i god stand. 

Damelaget blir Turid, Wenche Vetås, Britt Rigmor Andersen og Tutti Ericson. Mandal 1 stiller med Arnt Terje, Kjartan Lavik, Knut Kvaal Pedersen og Torbjørn Røksland. På Mandal 2 er Ivar Gulli, Oddbjørn Breland og Sigmund Skårdal klare. Det er litt uvisse rundt den siste plassen, men det ordnar seg. 

Resultat: 

Damer: Turid 81, Britt 91, Wenche 91. 

Herre: Arnt Terje 75, Kjartan 82, Torbjørn 86, Knut 88, Oddbjørn 88, Miguel Ardiles 89, Ivar 90, Jahn Heimtun 117. 

 370